Artikkelforfattere:
Av Sigrid Gdseidnes, Morten Kjos, Carl Gunnar
Fossdal og Ågot Aakra.
Med eit særs godt hovud og hardt arbeid, lærte han seg norsk raskt og tok utdanning på framifrå vis. i 2008 blei han professor.
Dzung Bao Diep døydde 7. desember 2022, bare 56 ar gammal. Han var professor i mikrobiologi ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås. Her var han leiar for laboratorium for mikrobiell genteknologi.
Livet hans var ein uvanleg suksesshistorie. I 1979 kom Dzung til Noreg som båtflyktning fra Vietnam. Med eit særs godt hovud og
hardt arbeid lærte han seg norsk raskt og tok utdanning på framifrå vis. I 1996 tok han doktorgraden, og i 2008 blei han professor.
Sidan Dzung kom til Ås, i 1992, var bakteriosin eit hovudtema i forskinga hans. Bakteriosin er ein type små, antibiotikaliknande stoff som bakteriar drep andre bakteriar med. Dzung gjorde fleire
oppdagingar som blir stående som særs viktige bidrag i forskinga på bakteriosin som eit mogleg alternativ til antibiotika. Arbeida
hans viste blant anna korleis bakteriosin fungerer og korleis bakteriar styrer produksjonen av bakteriosin.
Dzung var vitskapsmann til fingerspissane. Med han er ein svært dyktig og vidgjeten forskar borte. Den solide forskinga han
gjorde, har dei siste åra gitt grunnlag for patent og firmaetablering med tanke på å kunna bruka bakteriosin t.d. i medisin og plantevern.
Dzung hadde stort nasjonalt og internasjonalt nettverk, som han utvikla først og fremst gjennom arbeidet pa NMBU, men
og i periodane han arbeidde i Canada og ved Rikshospitalet. Han rettleidde titals doktorgrads- og masterstudentar. Fleire av
dei har mist sin viktigaste faglege inspirator.
Vi kjende han som eit oppkomme av gode idear, ein lun, slagferdig, omsorgsfull og triveleg kollega og venn, og som ein svært
stolt far og ektemann.
Sola skin over minna om Dzung. Anh, Vera
og Karmen har vår djupaste medkjensle.
For nåværande og tidligere kolleger.